3 sidan du spør: «Kva gagnar det meg,kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»
4 Eg skal svara deg og venene dine:
5 Lyft blikket mot himmelen og sjå,legg merke til kor høgt skyene er over deg!
6 Kva gjer det vel Gud om du syndar?Alle dine brot, kva har dei å seia for han?
7 Og er du rettferdig, kva gjev du då han,kva kan han ta imot frå di hand?
8 Uretten din rammar medmenneska dine,berre menneske har gagn av rettferda di.
9 Folk skrik under tung undertrykking,ropar etter hjelp mot dei mektige.