1 Elihu heldt fram og sa:
2 Ha litt tolmod med meg,så skal eg læra deg noko;for eg har meir å seia om Gud.
3 Mi innsikt hentar eg langt bortanfrå,eg viser at skaparen min har rett.
4 Orda mine er ikkje løgn;du står framfor ein som veit alt.
5 Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen;mektig er hans styrke og innsikt.
6 Han held ikkje liv i den urettferdige,men lèt hjelpelause få sin rett.
7 Han tek ikkje auga frå dei rettferdige;med kongar kjem dei på trona,han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.