13 Han lèt dei koma,somme for å straffa,somme for å gagna jorda hans,somme for å gjera vel mot henne.
14 Høyr på dette, Job!Stans og erkjenn Guds under!
15 Forstår du korleis Gud gjev skyene bodog lèt lyn skyta fram frå dei?
16 Forstår du korleis skyene kan sveva?Dette er hans verk, han som veit alt.
17 Du som får kleda varma oppnår jorda døser etter sønnavinden,
18 kan du hjelpa han med å hamra ut himmelkvelvenfast som ein spegel av støypt metall?
19 Sei oss kva vi skal svara han!I vårt mørker får vi ikkje fram eit ord.