20 Skal han få bod om at eg vil tala?Kven ønskjer vel å gå under?
21 No ser ikkje folk lyset,det er berre ein kvit flekk i skylaget;men så kjem vinden og feiar skyene bort.
22 Frå nord kjem eit gylle skin,Guds skremmande lysglans.
23 Den veldige finn vi ikkje; han er opphøgd i makt og rett.Stor er hans rettferd;han undertrykkjer ingen.
24 Difor fryktar menneska han,men han overser dei som trur dei er vise.