3 Han lèt lyn fara rundt heile himmelen,sender dei til heimsens endar.
4 Etterpå rullar tora,det er den mektige røysta hans som rungar.Han held ikkje lyna attnår røysta hans høyrest.
5 Gud gjer under med si torerøyst,gjer storverk vi ikkje fattar.
6 Til snøen seier han: «Fall ned på jorda»,like eins til regnet, det kraftige ausregnet.
7 Han set segl på kvar menneskehand,så alle menneske skal kjenna hans gjerning.
8 Villdyra går til hòlene sine,må halda seg i hi.
9 Stormen fer ut av kammeret sitt,nordavinden kjem med kulden.