17 Strutsen går frå egga sine på marka,lèt dei bli varme i sanden.
18 Ho gløymer at ein fot kan knusa dei,at villdyra kan trakka dei sund.
19 Ho er hard mot ungane, som om dei ikkje var hennar eigne,fryktar ikkje for at strevet hennar skal vera til inga nytte.
20 For Gud nekta henne visdom,gav henne ingen forstand.
21 Men når ho flaksar opp i vêret,skrattar ho av hest og ryttar.
22 Kan du gje hesten styrke,kle nakken hans med man,
23 la han springa som grashoppa?Han vrinskar stolt og skremmande.