2 der dei kryp ned i hòlene sineeller ligg på lur i krattet?
3 Kven skaffar føde til ramnennår ungane hans skrik mot Gudog virrar rundt utan mat?
4 Veit du når fjellgeita får ungar?Går du vakt når hjorten får rier?
5 Tel du månadene dei går drektige,kjenner du tida når dei skal føda?
6 Dei huker seg ned og får ungane sine;og så er riene over.
7 Ungane veks seg store og sterke på slettene,så spring dei bort og kjem ikkje att.
8 Kven sleppte villeselet friog løyste det frå alle band?