23 la han springa som grashoppa?Han vrinskar stolt og skremmande.
24 Han skrapar i marka, yr av kraft,så fer han fram mot våpna.
25 Han ler av redsla, fryktar aldriog snur ikkje når han møter sverd.
26 Over han klirrar pilkoggeret,det blinkar i spyd og sabel.
27 Som eit jordskjelv dundrar han framog stansar ikkje om hornet gjallar.
28 Han vrinskar når hornet læt, vêrar krig på lang avstand:kommandorop og hærskrik.
29 Var det din forstand som lærte falken å flyga,spreia vengene og gli mot sør?