27 Som eit jordskjelv dundrar han framog stansar ikkje om hornet gjallar.
28 Han vrinskar når hornet læt, vêrar krig på lang avstand:kommandorop og hærskrik.
29 Var det din forstand som lærte falken å flyga,spreia vengene og gli mot sør?
30 Er det på ditt ord at ørna stigog byggjer reir så høgt oppe?
31 Ho held til mellom berga,bak festningar av kvasse tindar.
32 Der speidar ho etter mat,auga skodar vidt ikring.
33 Ungane hennar slurpar i seg blod,der det finst åtsel, er ho på plass.