6 Dei huker seg ned og får ungane sine;og så er riene over.
7 Ungane veks seg store og sterke på slettene,så spring dei bort og kjem ikkje att.
8 Kven sleppte villeselet friog løyste det frå alle band?
9 Eg gav det ein heim i øydemarka,ein bustad i det salte landet.
10 Det ler av larmen i byen,høyrer ingen drivar som skjenner.
11 Det søkjer beite i fjella,leitar opp kvar grøn flekk.
12 Er villoksen villig til å tena deg,kviler han ved krubba di om natta?