14 Skrekken greip meg, og eg skalv.Redsla gjekk gjennom merg og bein.
15 Ein pust strauk forbi andletet mitt,fekk håra på kroppen til å reisa seg.
16 Han stod der, men eg kjende han ikkje,ein skapnad rett for auga mine.Eg høyrde ei kviskrande røyst:
17 Kan vel eit menneske vera rettferdig for Gud?Kan ein mann vera rein for sin skapar?
18 Gud stolar ikkje eingong på tenarane sine,han finn feil hos sendeboda,
19 og endå meir hos dei som bur i leirhusog har jord til grunnvoll.Dei blir lettare knuste enn møll.
20 Frå morgon til kveld blir dei trakka ned.Dei går til grunne for alltidutan at nokon bryr seg om det.