3 Sjølv har du rettleidd mangeog styrkt kraftlause hender.
4 Dine ord reiste opp den som snubla.Du gav kraft til skjelvande kne.
5 Men no, når det råkar deg, blir du motlaus.Det treffer deg, og du blir lamslegen.
6 Stolar du ikkje på di gudsfrykt?Gjev ikkje den fromme livsvegen din håp?
7 Tenk etter! Når gjekk vel ein skuldfri til grunne,kvar vart rettskafne utsletta?
8 Eg ser at dei som pløyer vondskapog sår liding,haustar det same.
9 Når Gud pustar, går dei til grunne.Når han fnyser, er dei borte.