5 Kven kan opna gapet på han?Det står skrekk av tanngarden hans!
6 Langs ryggen går rekkjer av skjold,lukka tett som med segl.
7 Det eine ligg inntil det andre,ikkje ein pust kjem inn mellom dei.
8 Skjolda heng fast i hop,grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.
9 Lys strålar fram når han nys,auga hans er som morgonròden.
10 Frå gapet hans går logar av eld,gneistar sprutar fram.
11 Røyk kjem frå naseborenesom frå ei kokande gryte over brennande siv.