1 Då svara Job Herren og sa:
2 Eg veit at du maktar alt.Ingen ting er umogleg for deg når du vil det.
3 Kven løyner din plan med uforstand?For eg har tala utan å forståom det som er så underfullt at eg ikkje fattar det.
4 Så høyr på det eg no seier:Eg vil spørja deg, så kan du læra meg.
5 Før hadde eg berre høyrt gjetord om deg.No har eg sett deg med eigne auge.
6 Difor kallar eg alt tilbake og angrari støv og oske.
7 Etter at Herren hadde sagt desse orda til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job.