10 Herren vende Jobs lagnad då han bad for venene sine, og lét han få dobbelt så mykje som han hadde hatt før.
11 Alle brørne og systrene hans og dei som kjende han frå før, kom til han. Dei åt med han i huset hans, viste medkjensle og trøysta han for alt det vonde som Herren hadde late koma over han. Kvar og ein gav han eit pengestykke og ein gullring.
12 Og Herren velsigna Jobs siste år meir enn dei første. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.
13 Han fekk sju søner og tre døtrer.
14 Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.
15 I heile landet fanst ikkje vakrare kvinner enn døtrene til Job; faren gav dei arverett saman med brørne.
16 Etter dette levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire slektsledd.