6 Difor kallar eg alt tilbake og angrari støv og oske.
7 Etter at Herren hadde sagt desse orda til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job.
8 Ta no sju oksar og sju vêrar, gå til tenaren min, Job, og ber dei fram som brennoffer for dykk sjølve. Job, tenaren min, skal be for dykk, og eg vil høyra bøna hans og ikkje gjengjelda dårskapen dykkar. De tala ikkje rett om meg, slik tenaren min, Job, gjorde.»
9 Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde på Job.
10 Herren vende Jobs lagnad då han bad for venene sine, og lét han få dobbelt så mykje som han hadde hatt før.
11 Alle brørne og systrene hans og dei som kjende han frå før, kom til han. Dei åt med han i huset hans, viste medkjensle og trøysta han for alt det vonde som Herren hadde late koma over han. Kvar og ein gav han eit pengestykke og ein gullring.
12 Og Herren velsigna Jobs siste år meir enn dei første. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.