1 Rop berre! Er det nokon som svarar?Kven av dei heilage vender du deg til?
2 Uro tek livet av den dumme,sinne drep den godtruande.
3 Eg såg den dumme slå rot,men brått måtte eg forbanna bustaden hans.
4 Borna hans var verjelause,knuste i porten, og ingen hjelpte dei.
5 Dei svoltne åt opp avlinga hans,tok henne, endåtil mellom tornar;og dei tørste greip etter godset hans.
6 For ulukke skyt ikkje opp av støvet,og liding gror ikkje opp av jorda.