18 For han sårar, og han bind om såra.Han knuser, og hans hand lækjer.
19 Gjennom seks trengsler bergar han deg,og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.
20 I uår friar han deg frå dødenog i krig frå kvasse sverd.
21 Du er trygg for stikkande tungeog fryktar ikkje komande ulukke.
22 Du ler av ulukke og hungersnaudog fryktar ikkje dyra på jorda.
23 For du har ei pakt med steinane på marka.Villdyra held fred med deg.
24 Du får oppleva fred i telta dine,når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.