4 Borna hans var verjelause,knuste i porten, og ingen hjelpte dei.
5 Dei svoltne åt opp avlinga hans,tok henne, endåtil mellom tornar;og dei tørste greip etter godset hans.
6 For ulukke skyt ikkje opp av støvet,og liding gror ikkje opp av jorda.
7 Men mennesket er fødd til liding,gneistar som flyg høgt i vêret.
8 Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud,ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,
9 han som gjer storverk ingen kan granska,og under ingen kan telja.
10 Han gjev regn over jorda,sender vatn ut over åker og eng.