1 Då tok Job til ords og sa:
2 Å, om mi uro kunne vegastog leggjast i vektskåla med mi sorg!
3 For no er dei tyngre enn havsens sand;difor talar eg utan å tenkja.
4 Piler frå Den veldige sit i kroppen,gifta deira tek mi kraft;redsler frå Gud samlar seg mot meg.
5 Skrik vel eit villesel som beiter i graset,rautar ein okse når han har fôr?
6 Kven et smaklaus mat utan salt?Smakar det noko av stokkrosesaft?