6 Kven et smaklaus mat utan salt?Smakar det noko av stokkrosesaft?
7 Det byd meg imot å røra ved slikt,det er som å eta utskjemd mat.
8 Om berre bøna mi vart høyrd,om Gud ville oppfylla mitt håp!
9 Om han berre ville knusa meg,lyfta handa si og gjera ende på meg!
10 Då får eg trass alt ei trøystnår eg vrid meg i nådelaus pine:Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.
11 For kva krefter har eg til å halda ut?Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?
12 Er eg sterk som stein,er kroppen min av bronse?