9 Om han berre ville knusa meg,lyfta handa si og gjera ende på meg!
10 Då får eg trass alt ei trøystnår eg vrid meg i nådelaus pine:Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.
11 For kva krefter har eg til å halda ut?Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?
12 Er eg sterk som stein,er kroppen min av bronse?
13 Nei, eg er fullstendig hjelpelaus,eg finn ingen utveg.
14 Den som ikkje viser godvilje mot nesten,har gjeve opp si frykt for Den veldige.
15 Og brørne mine svikta som ein bekk,eit bekkefar der vatnet blir borte.