3 Månader i det tomme vart min lott,netter med liding min lagnad.
4 Så snart eg legg meg, spør eg:«Når kan eg stå opp?»Natta blir lang,til det lysnar, er eg full av uro.
5 Kroppen er dekt med makk og sårskorper.Støvet gror fast i huda, og det verkjer.
6 Dagane går fortare enn ein vevskyttel,dei går til ende utan håp.
7 Hugs at livet mitt er ein pust!Aldri meir får eg sjå lukke.
8 Auget som vaktar meg, ser meg ikkje lenger.Retter du auga mot meg, er eg der ikkje.
9 Ei sky løyser seg opp og kverv,og den som fer ned til dødsriket, stig aldri opp.