10 Men fedrane vil læra deg og tala til deg,føra fram ord frå hjartet.
11 Veks vel papyrus der det ikkje er myrlendt,blir sivet stort der det ikkje er vatn?
12 Medan det står grønt og uskore,visnar det, før alt anna gras.
13 Slik går det med alle som gløymer Gud.Håpet går under for den som er ugudeleg.
14 Hans trygge ro heng i tynne trådar,han set si lit til spindelvev.
15 Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje;han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.
16 Frodig står han i sola,breier greinene ut over hagen sin.