13 Slik går det med alle som gløymer Gud.Håpet går under for den som er ugudeleg.
14 Hans trygge ro heng i tynne trådar,han set si lit til spindelvev.
15 Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje;han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.
16 Frodig står han i sola,breier greinene ut over hagen sin.
17 Men røtene hans slyngjer seg inn i ei steinrøys,dei kikkar fram mellom steinar.
18 Blir han riven vekk frå staden sin,kjenner ikkje staden han: «Eg har aldri sett deg.»
19 Slik er gleda på hans veg,før den neste gror opp av støvet.