13 Gud held ikkje att sin vreide,sjølv Rahabs hjelparar må bøya seg for han.
14 Skulle vel eg kunna svara,velja mine ord mot han?
15 Sjølv om eg hadde rett, kunne eg ikkje svara;eg måtte be dommaren min om nåde.
16 Sjølv om eg utfordra og han måtte svara,trur eg ikkje han ville ha lytta til meg,
17 han som knuser meg i stormen,gjev meg sår på sår utan grunn,
18 nektar meg å dra pusten,fyller meg med bitter smerte.
19 Gjeld det styrke, så har han den.Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»