19 Gjeld det styrke, så har han den.Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»
20 Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig.Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.
21 Eg er uskuldig, men kjennest ikkje ved meg sjølv,eg foraktar mitt eige liv.
22 Det går ut på eitt. Difor seier eg:Uskuldig eller skuldig – han utslettar begge.
23 Han sender ein flaum av brå død,spottar når uskuldige fortvilar.
24 Jorda er lagd i handa til den lovlause.Han dekkjer auga til dei som feller dommar.Om det ikkje er han, kven er det då?
25 Dagane mine går fortare enn nokon kan springa.Dei flyg av stad utan glimt av glede.