26 Dei fer i veg som sivbåtar,som ei ørn når ho stuper mot byttet.
27 Eg seier til meg sjølv: «Gløym klaga,lyft hovudet og ver glad!»
28 Likevel fryktar eg smertene,eg veit at du ikkje frikjenner meg.
29 Eg blir jo dømd skuldig,kvifor då streva til inga nytte?
30 Om eg vaska meg i snøvatnog reinsa hendene med lut,
31 kastar du meg i gjørmegravaså kleda mine avskyr meg.
32 Ja, han er ikkje eit menneske som eg,så eg kan gje han svarog vi kan møtast i retten.