4 Djup er hans visdom, og stor er hans kraft.Kven trassar han og slepp frå det?
5 Han flytter fjell før dei veit av det,velter dei i sin vreide.
6 Han rister jorda ut av lage,søylene hennar skjelv.
7 Han byd sola at ho ikkje skal gå opp,og set segl for stjernene.
8 Han åleine spente himmelen utog gjekk på havsens bølgjer.
9 Han skapte Bjørnen og Orion,Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.
10 Han gjer storverk ingen kan granska,og under ingen kan telja.