1 Etter at Akab var død, gjorde Moab opprør mot Israel.
2 Ein dag datt Akasja ut gjennom gittervindauga i høgsalen sin i Samaria og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menn av stad og sa: «Gå og spør Ba’al-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.»
3 Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med dei mennene som kongen i Samaria har sendt, og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel, sidan de skal av og rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron?
4 Difor seier Herren så: Du kjem ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Så gjekk Elia.