2. Kongebok 15 N78NN

Kong Asarja i Juda

1 I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda.

2 Han var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.

3 Asarja gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.

4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

5 Men Herren rørte ved kongen, så han fekk ein hudsjukdom som gjorde han urein, og den hadde han til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.

6 Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

7 Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han.

Dei siste kongane i Israel

8 I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.

9 Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

10 Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.

11 Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

12 Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det.

13 Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.

14 Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans.

15 Det som elles er å seia om Sjallum og den samansverjinga han fekk i stand, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

16 Den gongen drog Menahem ut frå Tirsa og herja Tappuah, alt som var i byen, og bygdene ikring. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinnene der som var med barn.

17 Det var i det trettiniande styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.

18 Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

19 Pul, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv, for at han skulle støtta han og tryggja kongedømet hans.

20 Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet.

21 Det som elles er å seia om Menahem og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

22 Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.

23 I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.

24 Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

25 Våpensveinen hans, Pekah, son til Remalja, fekk til ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i kongsgarden. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans.

26 Det som elles er å seia om Pekahja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

27 Det var i det femtiandre styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Pekah Remaljason vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.

28 Pekah gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

29 På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijjon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoak, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og folket som budde der, førte han bort til Assyria.

30 Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason. Hosea slo han i hel og vart konge i staden hans. Det var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.

31 Det som elles er å seia om Pekah og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

Kong Jotam i Juda

32 I det andre året Pekah Remaljason var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.

33 Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

34 Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort.

35 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.

36 Det som elles er å seia om Jotam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

37 På den tid tok Herren til å senda Resin, kongen i Aram, og Pekah, son til Remalja, mot Juda.

38 Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Akas, son hans, vart konge etter han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25