2. Kongebok 9 N78NN

Jehu vert konge

1 Profeten Elisja kalla til seg ein av profetsveinane og sa: «Spenn beltet om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead!

2 Når du kjem dit, finn du Jehu, son til Josjafat Nimsjison. Gå inn og bed han reisa seg der han sit mellom venene sine, og før han inn i det inste romet!

3 Ta så fram krukka, renn olje ut over hovudet hans og sei: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel. – Med så gjort skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.»

4 Så gjekk sveinen, den unge profeten, til Ramot i Gilead.

5 Då han kom fram, såg han hærførarane sitja der saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar,» sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar,» svara han.

6 Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profeten rende olje ut over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel.

7 Du skal gjera ende på ætta åt Akab, herren din. Eg vil ta hemn på Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle Herrens tenarar som leid døden.

8 Heile Akabs ætt skal gå til grunne. Eg vil rydja ut alle mannfolk, både store og små, or Akabs ætt i Israel.

9 Eg vil gjera like eins med Akabs ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason.

10 Og Jesabel skal hundane eta opp på Jisre’el-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetsveinen døra og rømde sin veg.

11 Då Jehu kom ut til kongsmennene, spurde dei han: «Står det bra til? Kva ville han deg, denne galne mannen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!»

12 Men dei sa: «Det er lygn! Sei oss kva det var!» Då fortalde han kva mannen hadde sagt til han: «Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel.»

13 Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på troppestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»

Jehu gjer opp med Joram og Jesabel

14 Såleis fekk Jehu, son til Josjafat Nimsjison, i stand ei samansverjing mot kong Joram. Joram hadde lege ute med heile Israels-hæren og forsvart Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.

15 Men sjølv var han faren heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han då han stridde mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut or byen og koma til Jisre’el og fortelja om dette.»

16 Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisre’el, der Joram låg sjuk. Akasja, Juda-kongen, var òg komen dit; han ville sjå om Joram.

17 Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisre’el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein stor flokk som kjem farande.» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han til møtes med dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»

18 Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»

19 Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!»

20 Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!»

21 Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til.

22 Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?»

23 Då drog Joram i taumen, snudde og rømde, og han ropa til Akasja: «Det er svik, Akasja!»

24 Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane, så pila gjekk rett gjennom hjarta, og han seig saman i vogna.

25 Då ropa Jehu til Bidkar, våpensveinen sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisre’el til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Akab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:

26 Sanneleg, i går såg eg blodet åt Nabot og sønene hans, lyder ordet frå Herren. Og det vil eg gje deg lika for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»

27 Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: «Slå han ned, han òg!» Og det gjorde dei medan han sat i vogna si, i Gur-kleiva ved Jibleam. Han rømde til Megiddo, og der døydde han.

28 Mennene hans køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav som var stelt til åt han hjå fedrane hans i Davids-byen.

29 Akasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret åt Joram, son til Akab.

30 Så kom Jehu til Jisre’el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauga.

31 Då Jehu kom inn gjennom porten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»

32 Jehu såg opp mot vindauga og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to – tre hoffmenn såg ut gjennom vindauga,

33 ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned, så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.

34 Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna i jorda! Ho var då ei kongsdotter.»

35 Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.

36 Dei gjekk attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisre’el-marka skal hundane eta opp kroppen åt Jesabel.

37 Liket hennar skal verta som møk på jorda i Jisre’el, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25