2. Kongebok 18 N78NN

Kong Hiskia i Juda

1 I det tredje året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, vart Hiskia, son til Akas, konge i Juda.

2 Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abi og var dotter til Sakarja.

3 Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.

4 Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og knasa koparormen som Moses hadde laga. For alt til den tid hadde israelittane ofra til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.

5 Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Det har ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane som kom etter han, og heller ikkje mellom dei som var før han.

6 Han heldt seg nær til Herren og veik aldri frå han; han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.

7 Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han reiste seg mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.

8 Han slo filistarane og tok landet deira heilt ned til Gasa og bygdene der ikring, både dei stadene som hadde vakttårn og festningsbyane.

Israelittane vert bortførte til Assyria

9 I det fjerde styringsåret åt Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, gjorde Salmanassar, kongen i Assyria, ei hærferd mot Samaria og kringsette byen.

10 Då tre år var lidne, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret åt Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.

11 Assyrarkongen førte israelittane bort til Assyria og lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

12 Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei.

Sankeribs hærferd mot Juda

13 I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

14 Då han var komen til Lakisj, sende Hiskia, Juda-kongen, bod til han og sa: «Eg har bore meg ille åt. Far bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Hiskia.

15 Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongsgarden.

16 Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens hus og av dørkarmane som han sjølv hadde kledt med gull, og gav det til assyrarkongen.

17 Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.

18 Så tok dei til å ropa på kongen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf.

19 Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

20 Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg?

21 Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han.

22 Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til,» då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe?»

23 Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei!

24 Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå?

25 Trur du kanskje at eg har drege mot denne staden for å øydeleggja han utan at Herren ville det? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde.

26 Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.»

27 Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.»

28 Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier!

29 Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk ut or hendene mine.

30 Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

31 Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn,

32 til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar, med oliventre, olje og honning. Då skal de ikkje døy, men leva. Høyr ikkje på Hiskia når han lokkar dykk og seier: «Herren vil nok berga oss.»

33 Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria?

34 Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand?

35 Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

36 Folket tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han.

37 Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25