1 Ein dag sa profetsveinane til Elisja: «Det romet vi held til i her hjå deg, er for trongt for oss.
2 Lat oss få gå ned til Jordan og henta kvar sin stokk, og så lagar vi oss eit rom som vi kan vera i.» «Gjer det!» svara Elisja.
3 Ein av dei sa: «Gjer vel og gå med oss, herre.» Han svara: «Det skal eg.»
4 Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre.
5 Men best som ein av dei heldt på å hogga treet sitt, datt øksa i vatnet. Då ropa han: «Ai, ai, herre! Og eg som hadde lånt henne!»
6 «Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av ei grein og kasta ned i vatnet. Såleis fekk han øksa til å flotna.
7 «Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa.
8 Ein gong medan aramearkongen låg i krig med Israel, samdest han med mennene sine om at dei skulle slå leir på den og den staden.
9 Då sende gudsmannen bod til Israels-kongen og sa: «Ta deg i vare, så du ikkje fer framom den staden; for aramearane har gått dit ned.»
10 Så sende Israels-kongen folk til den staden som gudsmannen hadde nemnt og åtvara han mot; og han akta seg der. Såleis gjekk det både ein og fleire gonger.
11 Aramearkongen vart oppøst over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Kan de ikkje seia meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?»
12 Ein av mennene svara: «Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.»
13 Då sa kongen: «Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.» Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan.
14 Dit sende så kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen.
15 Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, herre, kva skal vi no gjera?» sa guten til Elisja.
16 Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.»
17 Så bad Elisja til Herren og sa: «Opna augo åt guten, så han kan sjå!» Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja.
18 Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Vildra synet på dette folket!» Herren gjorde som Elisja bad, og vildra synet deira.
19 Då sa Elisja til dei: «Dette er ikkje den rette vegen og den rette byen. Fylg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Så førte han dei til Samaria.
20 Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna augo deira, så dei kan sjå!» Herren opna augo deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.
21 Då Israels-kongen fekk auga på dei, sa han til Elisja: «Skal eg hogga dei ned, far?»
22 Men han svara: «Nei, det skal du ikkje. Du høgg då ikkje eingong ned dei som du tek til fange med sverd eller boge. Set fram for dei brød og vatn, så dei kan eta og drikka og sidan fara attende til herren sin.»
23 Kongen stelte til eit stort gjestebod for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei fór attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar frå Aram og herja i Israel.
24 Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.
25 Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel.
26 Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: «Hjelp, herre konge!»
27 Han svara: «Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?»
28 Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon.
29 Så koka vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din, og lat oss eta han! Men då heldt ho guten løynd.»
30 Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen.
31 «Gud la det gå meg ille både no og sidan,» sa han, «om hovudet får sitja på Elisja Sjafatsson dagen ut!»
32 Imedan sat Elisja heime i huset sitt, og dei eldste var hjå han. Då sende kongen ein mann dit føre seg. Men før mannen kom fram, sa Elisja til dei eldste: «Veit de at denne mordarsonen har sendt ein mann hit som skal hogga hovudet av meg? Når han kjem, må de stengja døra og halda han ute. Eg høyrer alt lyden av kongens fotsteg bak han.»
33 Medan Elisja endå tala med dei, kom kongen til han. Han sa: «Sjå, denne ulukka kjem frå Herren. Kvifor skal eg då venta på Herren lenger?»