1 På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja Amosson til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»
2 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.
3 «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4 Jesaja var endå ikkje komen ut or den mellomste borggarden før Herrens ord kom til han, og det lydde så:
5 «Gå attende og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. No vil eg gjera deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus.
6 Eg legg endå femten år til levetida di. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.»
7 Så sa Jesaja: «Henta ei fikenkake!» Dei så gjorde, og då dei la fikenkaka på den sjuke staden, friskna kongen til.
8 Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg kan gå opp til Herrens hus om to dagar?»
9 Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar attende?»
10 Hiskia sa: «Skuggen kan lett tøya seg ti strekar fram. Nei, lat han gå ti strekar attende!»
11 Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før hadde gått fram.
12 På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.
13 Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei.
14 Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.»
15 «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.»
16 Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord!
17 Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren.
18 Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.»
19 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!»
20 Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
21 Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Manasse, son hans, vart konge etter han.