2. Kongebok 10 N78NN

Jehu rydjar ut Akabs-ætta

1 Akab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i byen, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene åt Akab. Han skreiv:

2 «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hjå dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna,

3 så vel dykk ut den beste og mest dugande av sønene åt herren dykkar! Set han på kongsstolen åt far hans og strid for kongens ætt!»

4 Då vart dei fælande redde og sa: «Dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»

5 Så sende slottshovdingen, kommandanten i byen, dei eldste og fosterfedrane åt kongssønene bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du byd oss, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer du det du sjølv tykkjer best!»

6 Så skreiv Jehu eit nytt brev til dei, og der stod: «Er det så at de held med meg og vil lyda meg, så hogg hovudet av sønene åt herren dykkar og kom til meg i Jisre’el i morgon på denne tid!» Kongssønene, alle sytti, var hjå stormennene i byen, som fostra dei opp.

7 Med det same dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap dei, alle sytti. Hovuda la dei i to korger og sende dei til Jehu i Jisre’el.

8 Då han fekk bod om at dei var komne med hovuda åt kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!»

9 Då Jehu kom ut om morgonen, steig han fram og sa til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?

10 Ver visse på at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Akabs ætt, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»

11 Så slo Jehu i hel alle som var att av Akabs ætt i Jisre’el, og alle stormennene, kjenningane og prestane hans. Han sparte ingen og lét ingen sleppa unna.

12 Sidan tok Jehu ut og fór til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro’im.

13 Der møtte han brørne til Akasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Akasja,» svara dei. «Vi skal ned og helsa på kongslyden og sønene til dronninga.»

14 Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Dei så gjorde og slo dei i hel attmed brunnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han sparte ikkje ein einaste av dei.

15 Då han fór derifrå, råka han Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du like ærleg mot meg som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er det så,» sa Jehu, «så gjev meg handa på det!» Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna.

16 «Fylg meg,» sa han, «så skal du få sjå kor brennhuga eg er for Herren.» Så fekk han køyra med han i vogna.

17 Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Akabs ætt der i byen. Han rudde ut kvar einaste ein, som Herren hadde sagt til Elia.

Jehu gjer ende på Ba’al-dyrkarane

18 Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Akab dyrka Ba’al litt, Jehu skal dyrka han mykje.

19 Kall no alle Ba’al-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle som er prestar for han! Ikkje ein må vanta! For no skal eg halda ein stor offerfest for Ba’al. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Det var ei list Jehu fann på, så han kunne få rudt ut alle Ba’al-dyrkarane.

20 «Lys ut ei høgtidssamling for Ba’al!» sa han, og det gjorde dei.

21 Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’al-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Og då dei gjekk inn i Ba’al-templet, vart huset fullt frå ende til annan.

22 Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram kledebunader til alle Ba’al-dyrkarane!» Og han henta fram bunader til dei.

23 Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.»

24 Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25 Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet,

26 bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.

27 Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag.

28 Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel.

29 Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30 Herren sa til Jehu: «Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.»

31 Men Jehu la ikkje vinn på å ferdast heilhjarta etter den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

32 På den tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hasael vann over israelittane langs heile grensa.

33 På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet åt Gads-ætta, Rubens-ætta og Manasse-ætta, alt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

34 Det som elles er å seia om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

35 Jehu gjekk til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Og Joakas, son hans, vart konge etter han.

36 Då hadde Jehu vore konge over Israel i Samaria i tjueåtte år.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25