2. Kongebok 3 N78NN

Hærferda mot Moab

1 I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år.

2 Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga.

3 Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå.

4 Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt.

5 Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.

6 Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel.

7 Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

8 «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»

9 Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg.

10 Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»

11 Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»

12 Josjafat sa: «Ja, han har ord frå Herren.» Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen.

13 Elisja sa til Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.»

14 Då sa Elisja: «Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong.

15 Men henta no ein harpespelar til meg!» Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja.

16 Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen!

17 For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18 Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand.

19 De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.»

20 Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21 No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa.

22 Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod.

23 «Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!»

24 Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt.

25 No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han.

26 Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.

27 Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25