15 Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen
16 og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.»
17 Og det gjekk i oppfylling, det ordet frå Herren som Elia hadde tala. Akasja døydde, og Joram, bror hans, vart konge etter han; for han hadde ingen son. Dette hende i det andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda.
18 Det som elles er å seia om Akasja og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.