6 Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå attende til kongen som har sendt dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og rådspør Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.»
7 Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tala såleis til dykk?»
8 Dei svara: «Han var kledd i ei loden kappe og hadde eit lerbelte om livet.» Då sa kongen: «Det var Elia frå Tisjbe!»
9 Så sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Han kom opp til profeten medan han sat på toppen av eit berg, og sa: «Gudsmann, kongen seier at du skal koma ned!»
10 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.
11 Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skunda deg og kom ned!»
12 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór Guds eld ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.