8 Dei svara: «Han var kledd i ei loden kappe og hadde eit lerbelte om livet.» Då sa kongen: «Det var Elia frå Tisjbe!»
9 Så sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Han kom opp til profeten medan han sat på toppen av eit berg, og sa: «Gudsmann, kongen seier at du skal koma ned!»
10 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.
11 Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skunda deg og kom ned!»
12 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór Guds eld ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.
13 Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine!
14 Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!»