22 Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram kledebunader til alle Ba’al-dyrkarane!» Og han henta fram bunader til dei.
23 Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.»
24 Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»
25 Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet,
26 bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.
27 Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag.
28 Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel.