1 Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta.
2 Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Akasja, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen.
3 Sidan var han hjå Josjeba i Herrens hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.
4 Men i det sjuande året sende Jojada bod etter livvakta og dei andre vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ein avtale med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så synte han dei kongssonen
5 og sa frå kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongsgarden på sabbaten,
6 den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet.
7 Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.