16 Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen.
17 Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.
18 Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus.
19 Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen.
20 Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden.
21 Joasj var sju år gamal då han vart konge.