18 Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus.
19 Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen.
20 Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden.
21 Joasj var sju år gamal då han vart konge.