3 Sidan var han hjå Josjeba i Herrens hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.
4 Men i det sjuande året sende Jojada bod etter livvakta og dei andre vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ein avtale med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så synte han dei kongssonen
5 og sa frå kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongsgarden på sabbaten,
6 den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet.
7 Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.
8 De skal fylka dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjene, skal han drepast. De må fylgja kongen kvar han går og står.»
9 Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.