6 den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet.
7 Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.
8 De skal fylka dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjene, skal han drepast. De må fylgja kongen kvar han går og står.»
9 Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.
10 Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.
11 Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.
12 Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»