9 Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.
10 Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.
11 Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.
12 Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»
13 Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.
14 Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»
15 Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»