1 Det var i det sjuande styringsåret åt Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba.
2 Joasj gjorde alltid det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada rettleidde han.
3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
4 Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i pengar, både det som kvar einskild er ilikna i skatt, og det som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med,