11 Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på huset,
12 og til murarane og steinhoggarane. Desse pengane nytta dei òg til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Såleis greidde dei alle utgiftene då templet skulle vølast.
13 Men dei pengane som kom inn til templet, vart ikkje nytta til å laga sølvbollar, knivar, offerskåler, trompetar eller noko slag kar av gull eller sølv.
14 Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som nytta dei til å vøla på Herrens hus.
15 Ingen heldt rekneskap med dei mennene som tok imot pengane og gav dei til arbeidsleiarane; for dei fór ærleg fram.
16 Men pengane som kom inn ved skuldoffer og syndoffer, gjekk ikkje til Herrens hus; dei fekk prestane.
17 På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem.