16 Men pengane som kom inn ved skuldoffer og syndoffer, gjekk ikkje til Herrens hus; dei fekk prestane.
17 På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem.
18 Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som fedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Akasja, hadde vigt til templet, og det han sjølv hadde vigt. Saman med alt gullet og sølvet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden, sende han det til Hasael, aramearkongen. Då drog han bort og gjekk ikkje mot Jerusalem.
19 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
20 Mennene åt kongen reiste seg mot han og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset, då han var på veg ned til Silla.
21 Dei kongsmennene som drap han, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Då han var død, gravla dei han hjå fedrane hans i Davids-byen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.